Målstreken var eit 3-årig pilotprosjekt i regi av Valdres Mållag og Noregs Mållag. Prosjektet starta i 2009. Målet for prosjektet var å motivere fleire ungdommar i Valdres til å halde på nynorsk som hovudmål.
Målet var definert slik: "Gjennom besøk på skular i Valdres ynskjer me å få ungdommar i tale omkring dei språklege vala dei tek. Med utgangspunkt i læreplanen for norskfaget tek me for oss språkhistorie, språkhaldningar, og samanhengen mellom dialekt og nynorsk. Me ser også på korleis nynorsk kan brukast som både kulturuttrykk og bruksspråk i dag."
Økonomiske støttespelarar
Busk-MålMikkjel Sørlis legat