Noregs Mållag 18. FEBRUAR 2018

Framside Om oss Kontakt På Facebook

Rapport: Språkskifte i Valdres

414 elevar i Valdres har delteke i ei undersøking om språk og språkskifte.
"

Dei fleste kjenner til at det i mange område skjer eit språkskifte frå nynorsk til bokmål. Stortingsmeldingane "Mål og Meining" og "Språk bygger broer" (2007-2008) omtaler språkskifte som uønska, og etterlyser meir kunnskap om korleis og i kor stort omfang språkskifte skjer.

Difor har Noregs Mållag teke initiativet til å undersøke dette nærare, og Valdres, som eit eksempel på nynorskens randsone, vart valt ut som region. Våren 2009 vart undersøkinga gjennomført ved Valdres vidaregåande skule, og 414 elevar deltok.

Undersøkinga viser at språkskifte er omfattande i Valdres, heile 75 % skifter i løpet av det 13-årige skuleløpet. Det viser seg også at over halvparten av dei som skiftar, gjer det i overgangen mellom barneskule og ungdomsskule.

Undersøkinga viser
• at om lag 75 % av dei som startar med nynorsk i Valdres, går over til bokmål i løpet av 13 år på skulen.
• at over halvparten av dei som skiftar målform, gjer det i overgangen mellom barneskule og ungdomsskule. Dette har tidlegare ikkje vore kjent.
• at det er fleire jenter enn gutar som skiftar til bokmål.
• at bakgrunnen til foreldra har lite å seia for dei språkvala ungdommane gjer.
• at dei fleste ynskjer å bruke dialekt, men vel ikkje dermed å skrive nynorsk.
• at dei som held på nynorsken, knyter estetiske og moralske verdiar til skriftspråket sitt.
• at over halvparten av ungdommane er positive til at nynorsk blir brukt i Valdres, sjølv om dei sjølve ikkje brukar nynorsk.

Les heile rapporten her


© Noregs Mållag 2018 - Sidene laga av Zetta AS