Noregs Mållag 18. FEBRUAR 2018

Framside Om oss Kontakt På Facebook

Prosjektet Målstreken

Kvifor sluttar så mange ungdommar å skrive nynorsk? Å finne svaret på dette spørsmålet er ei av utfordringane til prosjektet Målstreken. Målet for prosjektet er å motivere fleire ungdommar i Valdres til å halde på nynorsk som hovudmål. Målstreken er eit 3-årig pilotprosjekt i regi av Valdres Mållag og Noregs Mållag. Prosjektet starta i 2009.
"

Tverrpolitisk semje
I stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) Mål og meining og nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer er situasjonen for nynorsken skildra som ei utfordring. Ein slår mellom anna fast at nynorsk og bokmål ikkje er reelt likestilt, og at dette er ei utfordring staten må ta fatt i. Språkskifte frå nynorsk til bokmål er nemnt spesielt som ei utfordring.

Undersøkingar av språkbruk og språkhaldningar
For å få kunnskap om situasjonen rundt ungdom og språkskifte gjennomførte me ei undersøking mellom elevane på Valdres vidaregåande skule våren 2009. 414 elevar svara, og dette er dermed den største undersøkinga i sitt slag her i landet. I 2010 vart det gjord ei tilsvarande undersøking i kjerneområdet til nynorsken. Firda vidaregåande skule vart vald ut, og det same spørjeskjemaet, med lokal tilpassing, vart nytta der.

Motivering
Gjennom besøk på skular i Valdres ynskjer me å få ungdommar i tale omkring dei språklege vala dei tek. Med utgangspunkt i læreplanen for norskfaget tek me for oss språkhistorie, språkhaldningar, og samanhengen mellom dialekt og nynorsk. Me ser også på korleis nynorsk kan brukast som både kulturuttrykk og bruksspråk i dag.

Rapport om språkskifte i Valdres

Rapport om språkskifte i Valdres og Sogn og Fjordane

© Noregs Mållag 2018 - Sidene laga av Zetta AS