Noregs Mållag 21. AUGUST 2018

Framside Om oss Kontakt På Facebook
http/

Språkleg sjølvtillit

Kven har ansvaret for at 75 % av ungdommane i ein region skiftar frå nynorsk til bokmål som hovudmål i løpet av 13 år på skulen?
"

(Denne kronikken stod på trykk i Klassekampen 22.11.2010)

Forsking på språkskifte
Prosjektet Målstreken, eit pilotprosjekt i regi av Noregs Mållag, står bak dei største undersøkingane som er gjort omkring språkskifte i norsk skule. Undersøkingane viser diametralt ulike situasjonar i nynorsken sitt kjerneområde, representert ved Sogn og Fjordane, og randsonene, representert ved Valdres. 5 % i kjerneområdet skiftar frå nynorsk til bokmål i løpet av dei åra dei går på skulen, mot 75 % i randsona.

Manglande likestilling
Trass i 125 år med eit tospråkleg Noreg, slår språkmeldinga Mål og meining fast at likestillinga mellom bokmål og nynorsk ikkje er reell. Dette ser vi også lett i riksavisene. Meir reell likestilling er faktisk eitt av fem overordna mål for norsk språkpolitikk (Stortingsmelding 35 (2007-2008)). At denne manglande likestillinga gjer det vanskeleg å lære nynorsk som sidemål, er ei kjend sak. Men kva skjer med den som har nynorsk som hovudmål, og som observerer, bevisst eller ubevisst, at nynorsken ikkje finst i samfunnet rundt? Kva for «språklig selvtillit og trygghet i egen kultur» er det då vi legg til rette for?

«Urovekkende»
Språkskifte er også omtala i Stortingsmelding nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer. Stortingsmeldinga brukar ordet «urovekkende» om språkskiftet, og ser det som «en særlig utfordring å stimulere til at elever som har nynorsk som hovedmål, holder fast ved sin målform etter grunnskolen.».

Då skulle ein tru at ein i læreplanen eller i forskrift til opplæringslova kunne finne noko meir handfast om korleis ein skal løyse denne «særlige utfordringen». Det er ikkje tilfelle. Det næraste ein kjem, er ei formulering i læreplanen for norskfaget: «Et hovedmål for opplæringen i norsk gjennom hele grunnopplæringen er språklig selvtillit og trygghet i egen kultur som grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre kulturer, aktiv samfunnsdeltakelse og livslang læring.»

Uklar instruks
Men korleis måler ein «språklig selvtillit og trygghet i egen kultur»? Korleis klagar ein til kommune og fylkesmann for manglande språkleg sjølvtillit? For er det ikkje sannsynleg at manglande språkleg sjølvtillit er noko av årsaka til at 75 % av nynorskelevane i Valdres skifta frå nynorsk til bokmål i løpet av dei 13 åra på skulen?

Mistanken blir underbygd av utsegnene til dei som har halde på nynorsk. Mange av dei viser eit stort medvit om det språklege valet dei har teke, og understrekar at det er «viktig» og «rett» å skrive nynorsk. Dei 25 % som har halde på nynorsk, har altså språkleg sjølvtillit, det ligg implisitt i det medvitet dei viser og orda dei brukar. Men desse bevisste elevane er unntaka i elevflokken, og sjølvtilliten har dei kanskje fått med seg frå ein lærar som med sitt spesielle engasjement veit å kompensere for det samfunnet ikkje kan bidra med. Slike enkeltelevar og enkeltlærarar kan ikkje åleine ta ansvaret for at nynorsk også i framtida skal kunne vera eit bruksspråk for alle.

Skifter av praktiske årsaker
Dei som har skifta målform, kjenner ikkje til formuleringa «språklig selvtillit» og brukar det heller ikkje som årsak. Det er praktiske årsaker som er mest tydelege: Dei synest bokmål er lettare, for «den er overalt». Også dei som pratar valdresdialekt, meiner at bokmål er lettare. Dette seier noko om styrken ved å lesa store mengder av eit språk: ein lærer det nesten gratis. Difor svarer også 7.-klassingar ved nynorskskular i Valdres, elevar som til då ikkje har lært bokmål, at dei allereie kan skrive bokmål.

Konkurranse på ulike vilkår
Eit språk har ikkje ibuande kvalitetar som «stygg» og «vanskeleg», så kvifor endar språkskiftarane opp med å synast nettopp det om sitt eige språk? Du vil ikkje finne elevar i einspråklege samfunn som karakteriserer sitt eige språk som vanskeleg og stygt. Slike karakteristikkar oppstår fyrst når språket er i konkurranse med eit anna. Men denne konkurransesituasjonen blir underkommunisert i Noreg, sjølv om alle kjenner godt til han.

I pedagogisk teori finn ein eit interessant omgrep: den opplevde læreplanen. Det avgjerande er ikkje berre kva som står i læreplanane, men kva eleven opplever som praksis rundt seg. Dette kan også overførast til samfunnet: Vel er nynorsk og bokmål likestilte, men kva for verkelegheit opplever elevane rundt seg? Både elevar i randsona, der nynorsken er under press, og elevar i kjerneområdet, der nynorsken er den dominerande språkforma, opplever at språka i realiteten ikkje er likestilte. For randsone-elevane får det størst konsekvensar: Dei les mykje mindre nynorsk enn bokmål, slik at det i praksis er vanskeleg å lære seg nynorsk godt nok for den som ikkje av ideologiske årsaker, og med god støtte i heimen, går inn for det.

Slik det er i dag, kviler framtida for nynorsken på enkeltlærarar sitt engasjement. Utan støtte i samfunnet rundt og i styrande dokument for skulen er dette ein politisk kurs som i beste fall fører til ei langsam utmatting av den nynorske språkbrukaren. Skal ein ta stortingsmeldingane på alvor, må ein gje nynorskelevane og bokmålselevane den same sjansen til å meistre språket sitt.

Fire punkt må innfriast for å nå det målet:

• Nynorsk og bokmål må bli reelt likestilte i media. Skulen kan ikkje kompensere for alt som manglar i samfunnet.
• Vi treng ein ny didaktikk: Styrkeforholdet mellom bokmål og nynorsk må få konsekvensar for korleis ein underviser, også i nynorsk som hovudmål. Dette må inn i lærarutdanning, lektorprogram og etterutdanning.
• Vi treng tydelegare styringsdokument i skulen. Språkskifte må omtalast, og skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar må forpliktast.
• Vi treng system for kompetanseheving i nynorsk: Enkelte lærarar meistrar nynorsk dårleg, og desse må få opplæring på ein enkel måte.

Stiloppgåva går dermed til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet: Grei ut om kva som må til for at det i framtida skal gå an å vera ein gjennomsnittleg nynorskbrukar med same språklege sjølvtillit som den gjennomsnittlege bokmålsbrukar har!

Karen Marie Kvåle Garthus
Lektor og prosjektleiar for Målstreken


© Noregs Mållag 2018 - Sidene laga av Zetta AS