Noregs Mållag 23. APRIL 2018

Framside Om oss Kontakt På Facebook
http/

Rapport: Språkskifte i Valdres og Sogn og Fjordane

Rapporten som samanliknar haldningar til nynorsk mellom skuleelevar i Valdres og i Firda er no klår.
"

I 2009 gjennomførde prosjektet Målstreken ei undersøking om språkskifte frå nynorsk til bokmål på Valdres vidaregåande skule. Undersøkinga var den største i sitt slag og viste korleis nynorsken er under press i skulen i Valdres: 75 % av dei opprinnelege nynorskbrukarane skiftar til bokmål i løpet av den 13-årige skulegangen.

Resultata i Valdres vil vera relevante for andre randsoner i nynorskområda, slik som bynære strok på Vestlandet og Sørlandet og dalstroka på Austlandet. Likevel er situasjonen alltid noko ulik frå stad til stad, og grada av bokmålspåverknad er ulik.

Noregs Mållag, som er initiativtakar til prosjektet Målstreken, ynskte difor også å gjera ei tilsvarande undersøking i kjerneområdet til nynorsken. Firda vidaregåande skule vart vald ut, og det same spørjeskjemaet, med lokal tilpassing, vart nytta der.

Undersøkinga viser stor skilnad mellom desse to områda. Språkskifte er nærast ikkjeeksisterande på Firda vidaregåande skule.

Les heile rapporten.

© Noregs Mållag 2018 - Sidene laga av Zetta AS